lørdag 14. februar 2015

Vakkert kjærlighetsdikt



KJÆRLEIK
Til slutt gav eg opp

å leita etter gåver, 
bukettar
valentinkort
og langstilka roser
på dei rette dagane.
Eg fann
eit lass med ved i tunet,
ein nymåla vegg,
eit spann med bær frå fjellet,
249 mil i bil,
ein fisketur
og timar ved flammen.
Den store optikaren
må snart gi meg ny time
til nye brilleglas.

2 kommentarer: